Korleis blir det arbeidd med utvikling av smakspreferansar i barnehagen?

Ein kvalitativ intervjustudie i seks barnehagar
Kari Ryslett

Høgskulen i Volda, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning

Liv Ingrid Håberg

Høgskulen i Volda, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Sammendrag

Introduksjon

Denne studien undersøker korleis pedagogiske leiarar arbeider med måltidssituasjonen for å fremme utvikling av barns smakspreferansar i tydinga å like og akseptere ulike matvarer. Rundt 92 % av alle norske barn mellom 1 og 5 år går i barnehage, og 40-60 prosent av barns matinntak blir dekt gjennom måltida i barnehagen. Å støtte utvikling av barns smakspreferansar kan føre til eit meir variert kosthald og dermed betre helse på kort og lang sikt.

Metode

Denne kvalitative studien har samla data ved hjelp av fokusgruppeintervju i 6 ulike barnehagar med til saman 21 pedagogiske leiarar og 2 styrarar som informantar.

Resultat

Resultata peiker på bruk av dei to strategiane tilvenning og eksponering og sosial læring som dei einaste brukte, medan energiberiking og smaksbruer er fråverande. Resultata viser også til at barna får utforske og eksperimentere med ulike smakar i måltidet, men mykje bruk av brødmåltid kan for enkelte skape lite variasjon i kosthaldet. Resultata viser også at rollemodelleffekten er avgrensa når personale og barn ikkje et same mat, medan barna i større grad fungerer som rollemodellar for kvarandre.

Konklusjon

Barnehagemåltidet har eit stort potensiale til å fremme barns matvanar og helse, men det føreset målretta og engasjert arbeid frå personalet. Det er behov for både auka matfagleg kompetanse i barnehagen og meir forsking om korleis ein arbeider med utvikling av barns smakspreferansar. Dette er særleg relevant i eit folkehelseperspektiv.

Hovudbodskap

  • Dei seks barnehagane i studien tilbyr hovudsakleg brødmåltid tre gongar dagleg.

  • I arbeidet med utvikling av smakspreferansar blir det i hovudsak nytta to strategiar; Tilvenning og eksponering og sosial læring, medan strategiane energiberiking og smaksbruer er fråverande.

  • Personalet i barnehagane et i liten grad same mat som barna.

  • Barna får høve til å utforske og eksperimentere med ulike smakar i måltida.

  • Studien peikar på behov for auka støtte og kompetanse i det matfaglege arbeidet i barnehagen.

Introduksjon

Heim og familie har det grunnleggande ansvaret for barns kosthald, men i løpet av dei siste tiåra har barnehagen fått auka påverknad for barns matvanar. I 2019 gjekk 275 804 barn eller 92,2 prosent av alle barn i alderen 1-5 år i barnehage (9). Heile 40 til 60 prosent av barnas totale energiinntak kjem frå maten i barnehagen, og tal på måltid kan vere rundt 3000 gjennom heile barnehagekarrieren (10). Ifølge Helsedirektoratet (11) skal barnehagar servere tre fullverdige måltid dagleg, men i barnehagelærarutdanninga utgjer fagfeltet mat og måltid omlag 2,5 studiepoeng av 180 (39).

Kosthald i tidleg barneår har betydning for helsa både som barn og vaksen, og tidleg etablerte matvanar blir ofte tatt med inn i vaksenlivet (1, 2). Variert mat kan i større grad sikre eit variert kosthald (3, 4), medan eit snevert kosthald kan føre til feilernæring og utvikling av livsstilsjukdomar (5, 6).

Formålet med denne studien er å undersøke korleis det blir arbeidd med utvikling av smakspreferansar i barnehagen. Smakspreferansar blir av Hausner (7, s. 56- 57) definert som å like og akseptere ulike matvarer. Utvikling av smakspreferansar er dermed viktig for å etablere aksept og toleranse for mange ulike smakar så tidleg som mogleg, helst før toårsalder (8).

Utvikling av smakspreferansar

Preferansar relatert til smak foregår tidleg i livet og er erfaringsbasert og tillært (12, 13, 14). Den mest gunstige perioden for utvikling av smakspreferansar er mellom 6-18 månadar (15, 16). Dette tidsrommet fungerer som eit smaksvindu der barnet i stor grad aksepterer all mat det blir presentert for (7). Frykt for ny mat kallast neofobi og kjem til uttrykk ved 18-24 månaders alder (17). Neofobi er ein medfødt og naturleg reaksjon mot potensielt giftig mat frå naturen (18). Barn kan lære å ete all mat om dei er i rett miljø (19).

Strategiar for å arbeide med smakspreferansar

Korsnes & Sandvik (20) beskriv fire ulike strategiar for å oppmuntre barn til å smake på ny og ukjent mat. Den første strategien er tilvenning og eksponering eller mere exposure (18, s. 12) av mat. Nokre matvarer blir akseptert med ein gong, medan andre matvarer må barn bli eksponert for minst 6-8 gongar. Andre matvarer tek endå lenger tid og krev fleire eksponeringar (21).

Den andre strategien er sosial læring (18, s. 13). Gjennom samspel og kontakt i måltidet med rollemodellar som foreldre, (22, 23), barnehagepersonale (24, 25) eller venner og jamaldringar (25, 26), fungerer desse som betydningsfulle andre, som er viktige for utvikling av smakspreferansar.

Den tredje strategien er energiberiking eller flavor nutrient learning (18, s. 12) der ein tilset ekstra energi til ukjent mat. Eitt eksempel kan vere å ta litt smør på dampa brokkoli, slik at barnet koblar smaksopplevinga med velvære, og dermed aukar smakspreferansen for den nye matvaren (27, 28). Den fjerde strategien er å bygge smaksbruer eller flavor-flavor learning, (18, s. 13) der ein tilset ein kjent smak til ei ny og ukjent matvare i innlæringsfasen (29).

Problemstilling

Smakspreferansar kan tolkast som eitt av fleire aspekt ved barns spiseadferd. Internasjonalt er det forska ein god del på barns matvanar og spiseadferd (13, s.327; 15). I ein norsk kontekst derimot finn ein lite forsking på dette feltet (30, 31). Problemstilling for studien er difor: Korleis blir arbeid med utvikling av smakspreferansar gjennomført i barnehagen?

Metode

Kvalitative fokusgruppeintervju

Problemstillinga vart undersøkt empirisk gjennom kvalitative fokusgruppeintervju med pedagogiske leiarar. Formålet var ikkje å skape generalisert kunnskap, men å kome tett på praksisfeltet gjennom møte ansikt til ansikt. Fordi vi ønskte å undersøke problemstillinga ikkje berre på individnivå, det vil seie kva den enkelte pedagogiske leiar meiner, men også på institusjonsnivå, valde vi å ta i bruk fokusgruppeintervju. Alle pedagogiske leiarar i same barnehagen vart inviterte til å ta del. Fokusgruppeintervju skaper empiriske data på gruppenivå (32).

Utval og tilgang til feltet

Datainnsamlinga fann stad i januar 2020 og tilgang til feltet vart gjennomført gjennom både ei strategisk og pragmatisk tilnærming (33).Strategiske kriterium var barnehagar med minimum tre avdelingar for å få ein viss storleik på utvalet i kvar barnehage, medan pragmatiske kriterium, som forholdsvis kort reiseavstand, vart valt av ressurs - og tidsomsyn. Gjennom søk på internett på heimesida til tre kommunar, fann vi seks barnehagar som oppfylte kriteria. Desse fekk tilsendt e-post til styrarane med førespurnad om deltaking og alle dei seks barnehagane svara ja. Det var frå 3 til 5 deltakarar i kvart fokusgruppeintervju, og alle er kvinner. Informantane fekk på førehand tilsendt informasjonsskriv og samtykkeerklæring. Det vart også opplyst om at studien er godkjent av Norsk senter for forskingsdata (NSD).

23 informantar tok del i studien, av desse var 21 pedagogiske leiarar og 2 styrarar. Styrarane erstatta pedagogiske leiarar som ikkje hadde høve til å ta del på intervjutidspunktet. Barnehagane vart gitt tittelen A-F.

Datainnsamling

Kvart intervju tok om lag 35 minutt og det vart nytta opptakar for å sikre ordrett attgjeving. Begge forfattarane var til stades med førsteforfattar som den sentrale moderatoren. At informantane kjenner kvarandre godt kan føre til ein open og trygg intervjusituasjon, men det kan også vere del av sosial kontroll som gjer informantane utrygge og lukka (32). Som moderatorar var vi klar over dette i vår leiing av fokusgruppeintervjua.

Hovudinntrykket er at informantane svara fritt og ope på spørsmåla i intervjuguiden, som omhandla organisering og gjennomføring av måltidet, i tillegg til moglege utfordringar. Det vart også lagt opp til opning for informantane sine innspel, og ei slik veksling mellom deduktiv og induktiv tilnærming er typisk i semistrukturerte intervju (34). Omgrepet smakspreferanse vart ikkje nytta i spørsmåla frå intervjuguiden, men informantane fortalde om fenomenet på eige initiativ.

Transkripsjon, analyse og verifisering

Opptak frå intervju vart transkribert ved hjelp av transkripsjonsverktøyet Express Scribe, og i etterkant analyserte i dataprogrammet NVivo. I analysen vart det nytta både ei deduktiv tilnærming med utgangspunkt i spørsmåla i intervjuguiden, og ei induktiv tilnærming ut frå informantane sine innspel. Ei forståing for at deduktive og induktive tilnærmingar belyser kvarandre, leier fram til abduksjon (35), som igjen støtter opp under at slutningar om funn er sannsynlege. Dette styrker validiteten og gjer funn i større grad gyldige (36).

Ein kvalitativ studie oppnår reliabilitet gjennom grundig og transparent forskingsarbeid (37) og dette er difor vektlagt i studien. Funn i kvalitativ forsking er ikkje direkte overførbare, men kan likevel inspirere både praksis og forsking, og på den måten ha overføringsverdi, det Stake (38) kallar for naturalistisk generalisering. Sidan ein finn lite forsking som gjeld arbeid med smakspreferanse i barnehagen, kan denne studien sette søkelys på tema og inspirere til vidare forsking.

Studien har nokre svake trekk, som at utvalet består av berre seks barnehagar og at desse vart valde ut frå pragmatiske omsyn som kort reiseavstand. Samtidig erfarte vi at intervjua var informative og lærerike, og ifølge Stake (38) er moment som tidsbruk og læring sentralt når ein skal velje utval i kvalitativ forsking. Temaet strategiar for utvikling av smakspreferansar var ikkje nytta i intervjuguiden, men kom fram i analyseprosessen. Å vere open for induktive funn er ifølge Kvale & Brinkmann (34) ei av styrkane ved kvalitativ forsking.

Resultat

Kontekstualisering av barnehagemåltida

I alle dei seks barnehagane vart det dagleg gjennomført tre måltid. I småbarnsavdelingane hadde dei større fleksibilitet ved at dei kunne servere eit fjerde måltid seint på dagen. Til frukost og lunsj vart det oftast servert brødmat, og av og til graut til frukost. Alle fortalde om eit godt tilbod av pålegg og alltid med tilbod om frukt og grønsaker ved sida av. Påleggsutvalet vart beskrive slik av barnehage F: «Her er mykje meir pålegg enn ein har i heimen, eller som eg nokon gong har hatt heime, så eg tenker at variasjonen er stor. Det vi manglar er nugatti, liksom!».

Når det gjeld varmmat som variasjon til brødmat var spennet frå to gonger per veke til ein gong per månad. I barnehage B som hadde varmmat ein gong per månad fortalte dei: «Av og til så kokar vi pasta og har fiskepudding og mais og paprika og agurk attåt… dei [barna] blir lei av skiva med skinkeost».

Dei pedagogiske leiarane i barnehage E diskuterte matkvalitet og arbeidet med matlaginga slik: «Det må skje litt sånn kjapt, så då er det i grunnen [brød]måltid som er enkle… om eg skal verte heilt ærleg så ser eg at vi kunne hatt betre mat.» Informantane fortalte vidare: «Før hadde vi kjøkkenassistent og då var alt «frå skrætsj og tipp topp»». Informantane peika på at manglande kjøkenhjelp resulterte i dårlegare matkvalitet med mindre varmmat og meir brødmat med mindre variasjon.

Strategi 1: Tilvenning og eksponering

Når det gjeld arbeidet med strategien tilvenning og eksponering fortalte informantane om korleis dei prøvde å inspirere barna til å smake på nye matvarer. Barna kunne ta litt paprika, agurk eller pålegg om dei var nysgjerrige på smaken, utan å måtte ete opp alt. Barnehagane gav eksempel på suksesshistorier knytt til å utvikle barns smakspreferansar. I ein av barnehagane var det eit barn som ikkje ville ha karbonade og informantane fortalde: «Eg sa stikk tunga borti, og han åt to sånne store Gilde- karbonadar den dagen».

Mange av barnehagane opplevde at når barna fekk velje pålegg sjølve kunne det verte mange rare og uvante smakskombinasjonar, slik som: kaviar og syltetøy, leverpostei med fårepølse eller brunost med majones. Informantane hadde ingen innvendingar mot at barna prøvde ut ulike smakar, det einaste var å avgrense tal på pålegg per brødskive. Barnehage B fortalte: «…fire sortar, det vert for mykje,… det kallar vi sløsing, det er nok med to [pålegg].»

Ingen av barnehagane ønska å tilby alternativ mat i måltidet dersom barna ikkje ville ete, fordi ulik mat og forskjellsbehandling skapte uro i barnegruppene. Barnehage A fortalte: «Spesialbehandling er veldig smittsamt». Alle måtte helst prøve å smake. Informantane fortalde at matpakkar kunne innehalde både saltstenger, kjeks og sjokoladepålegg på maten. Barnehage A uttrykte sitt syn på matpakkar ganske bestemt: «Aldri meir matpakkar igjen!».

Strategi 2: Sosial læring

Det var berre ein av barnehagane som praktiserte at barn og personale konsekvent skulle ete same maten i måltida. I dei andre fem barnehagane åt barna og personalet oftast ulik mat. Dette skuldast hovudsakleg økonomi, fordi personalet må betale matpengar dersom dei skal ete felles mat.

I barnehagen der personalet og barn åt same mat, fortalte informantane at deira eiga matglede og velvære over maten smitta over på barna: «Eg tenker spesielt når vi et varmmat, for då er det sånn ååååå, sant, ummmm, kjempegodt, då blir dei [barna] litt smitta ­(latter)!» ­(Barnehage D). I barnehage E, der personalet oftast ikkje åt same maten som barna, skildra informantane kva som skjedde når dei av og til åt varmmat saman: «Når barna griner på nasen og vi begynner med: «…sjå dette, det likar eg så godt», då sluker dei maten med ein gong!». Barnehage E kunne vidare beskrive oppgåvene sine i måltidet som samtalepartnar, hjelpar eller vakt når dei ikkje et same mat som barna. Barnehage B sa det slik: «Sånn pedagogisk sett hadde [det] vore mykje rettare at alle åt av det som står på bordet».

Informantane fortalte at dei bevisst kunne sette kresne barn saman med barn med som var mindre kresne, dette kunne påverke og motivere dei kresne barna til å smake på ulik mat. Barnehage A fortalde at då dei jobba med smaktilvenning av varmmat med grønsaker, var det mange som ikkje ville ha grønsakene. Likevel endra dette seg etterkvart fordi: «Så sit dei attmed ein som et alt, og så blir det litt…så smittar det lett!»

Strategi 3 og 4: Energiberiking og smaksbruer

Datamaterialet viser ingen bruk av strategiane energiberiking og smaksbruer, noko som kan skuldastmanglar i intervjuguiden.Samtidig er dette funnet induktive data som kom til syne i analysen i ettertid av intervjua.

Diskusjon

Matpakkar heimanfrå, som var tidlegare praksis, ga lite rom for tilvenning og eksponering av mat i fellesmåltidet. Eit sentralt funn i studien er at alle barnehagane er glade for at matpakkane er historie og at dei difor kan servere same mat til alle barna. For det første kan dermed alle barna få tilgang til sunn mat uavhengig av sosioøkonomisk bakgrunn, dette er sosial utjamnande og styrker samtidig folkehelsearbeidet. For det andre støttar felles mat opp under arbeidet med bruk av dei fire strategiane for utvikling av smakspreferansar fordi barna vert eksponert for den same maten. Felles mat er eit godt fundament for å bruke dei fire strategiane for utvikling av smakspreferansar.

Bruk av strategi 1: Tilvenning og eksponering

Ein føresetnad for eit variert kosthald er utvikling av eit breiare smaksregister (3). Eit sentralt funn i denne studien er at det vert servert mykje brødmat i barnehagen. Innanfor ramma av det ein kategoriserer som brødmåltid og graut, et ein denne type måltid inntil tre gongar per dag. Enkelte barn velje å ete det same pålegget kvar dag og dermed få lite erfaringar med smak. Servering av varmmat har stor variasjonsbredde frå 1- 8 gongar per månad. I barnehagen som serverte varmmat ein gong per månad, fortalde informantane at barna vart leie av den same brødmaten igjen og igjen.

Sjølv om dei fleste måltid er brødmåltid, nytta personalet høve til å arbeide med strategi 1 tilvenning og eksponering. Barna hadde stor friheit og fekk lov til å utforske smakar og velje ulike påleggskombinasjonar utan at det vart «feil». Denne praksisen viser at personalet ønsker å bidra til at barna blir tilvent ulike smakar. På den eine sida ser det ut som barna får utvikle sitt smaksrepertoar, men på den andre sida er det i stor grad opp til barna sjølve å utforske smakar og smakskombinasjonar. Eit meir variert mattilbod kan legge til rette for at alle barn får erfaring med fleire smakar, noko som er heldig i eit folkehelseperspektiv (42).

Mykje brødmat kan for det første vere uttrykk for at det i ein hektisk barnehagekvardag er mindre tidkrevjande å lage til brødmat enn varmmat. For det andre kan mykje bruk av brødmat også vere uttrykk for personalet si kompetanse til å lage varmmat eller andre typar variasjon i mattilbodet. Det blir forventa at alle tilsette skal meistre å lage til mat og måltid i barnehagen (44, s. 50). Pedagogiske leiarar får lite støtte til å utvikle kompetanse om mat og måltid i barnehagelærarutdanninga (39), og det er ingen krav om formell opplæring for resterande personale, så det samla kunnskapsnivået kan vere mangelfullt. Med tanke på det omfattande samfunnsoppdraget med mat og måltid som barnehagen no har fått (11), er det nødvendig å styrke både barnehagelærarutdanninga og vidare- og etterutdanning for alle i personalgruppa. Dette er i samsvar med midtveisvurdering av Nasjonal handlingsplan for et bedre kosthold i befolkningen (2017-2021) (40). Helsedirektoratet (41) si undersøking av behov for å lære meir om mat og måltid, viser at 46,7 % av dei pedagogiske leiarane ønsker kompetansehevingstiltak. Ei anna tilnærming er at i staden for at dei pedagogiske leiarane skal ha hovudansvar for arbeidet med maten i barnehagen, kan tilsetting av ernæringskokk eller tilsvarande vere løysinga. Dette er i samsvar med informantane sine erfaringar og ønsker.

Bruk av strategi 2: Sosial læring

Studien viser at personalet ønsker å hjelpe barna til å smake på ulik mat og glede seg over måltidet. Dette er også i samsvar med anbefalingane i retningslinjene frå Helsedirektoratet (11), som seier at personalet bør delta aktivt i måltidet. Informantane var klar over at det var viktig å ete same mat som barna og at dei dermed kunne fungere som rollemodellar i måltidet. På bakgrunn av barns totale måltidserfaringar gjennom inntil 5 års barnehagekarriere, har det stor verdi korleis personalet som betydningsfulle andre (24, 25) opptrer som rollemodellar i måltidet. Å vere rollemodell er ei utfordring i barnehagar der personalet ikkje et same maten som barna. Ulik mat fører til manglande felles referanseramme omkring maten, og personalet si rolle i måltidet kan bli å vere organisator eller vakt. Informantane fortel at det ideelle er å ete same mat som barna og at dei elles mister effekten som rollemodellar. Dette tyder på at dersom personalet må betale for maten eller kan velje om dei vil ha eigen mat medbrakt, blir strategien sosial læring mindre brukt.

Personalet ser at vener og jamaldrande har god påverknad på sosial læring. Informantane fortel at barna er rollemodellar for kvarandre, og at dette nytta informantane til å bevisst plassere barna i forhold til kvarandre ved matbordet. Dette er eit døme på bruk av strategi 2 sosial læring, der venner og jamaldringar er dei betydningsfulle andre (25, 26). At barna fekk servert same mat utan personlege matpakkar, støttar den sosiale læringa mellom barna.

Bruk av strategi 3 og 4: Energiberiking og smaksbruer

Studien viser at døme på strategiane energiberiking og smaksbruer (20) ikkje er til stades i datamaterialet. Det er mogleg at bruk av desse strategiane i mindre grad bygg på erfaringsbasert kunnskap, men meir på fagkunnskap om utvikling av smakspreferansar. Dette er tematikk som treng vidare utforsking.

Konklusjon

Utvikling av smakspreferansar i barnehagen skjer gjennom tre måltid dagleg med servering av den same maten til alle barna. Alle barnehagane i studien tilbyr hovudsakleg tre brødmåltid kvar dag og innanfor desse rammene arbeider barnehagen med utvikling av smakspreferansar.

Studien finn at det i hovudsak blir nytta to strategiar i dette arbeidet; Tilvenning og eksponering og sosial læring, medan strategiane energiberiking og smaksbruer er fråverande. Hovudinntrykket er at strategien tilvenning og eksponering er godt innarbeidd i barnehagane og at personalet arbeider bevisst med at barna skal få utvikle eit repertoar av smakar. Studien finn også at i måltida får barna høve til å utforske og eksperimentere med ulike smakar.

Når det gjeld bruk av strategien sosial læring finn studien at personalet i mindre grad fungerer som rollemodellar når dei ikkje et same mat som barna. Rollemodelleffekten barna i mellom er derimot meir tydeleg.

Barnehagemåltidet har eit stort potensiale til å fremme barns matvanar og helse, men det føreset målretta og engasjert arbeid frå personalet (43). I denne studien formidlar informantane ønske om meir støtte i arbeidet med mat og måltid, fordi dette kan gi større variasjon i mattilbodet. Implisitt kan dette også styrke utviklinga av barns smakspreferansar. Samla sett peiker dette på behov for auka matfagleg kompetanse i barnehagen. Samtidig viser studien at det er nødvendig med meir forsking og kunnskap om korleis ein arbeider med utvikling av barns smakspreferansar i barnehagen.

Referanser

  1. Lloyd LJ, Lanley-Evans SC, McMullen S. Childhood obesity and adult cardiovascular disease risk: A systematic review. Int J Obes 2010; 34:18-28.

  2. Singer MR, Moore LL, Garrahie EJ, Ellison RC. The tracking of nutritient intake in young children: the Fremingham Children`s study. AJPH 1995; 85(12):1673-7.

  3. DeCosmi V, Scaglioni S, Agostoni,C. Early Taste Experiencees and Later Food Choices. Nutrients. 2017; 9(2):107

  4. WHO. 5 keys to healthy diet. WHO;2018.

  5. Beckerman JP, Alike Q, Lovin E, Tamez M, Mattei J. The Development and Public Health Implications of Food Preferences in Children. Front. Nutr. 2017;4:66.

  6. WHO. Obesity and overweight. WHO;2021.

  7. Hausner H. Udvikling af smagspræferencer hos børn. Benn,J. (Red.), Børn, ernæring og måltider - tværfaglige perspektive.r (1.utg). København: Munksgaard;2013.

  8. Siegrist M, Hartmann C, Keller C. Antecedents of food neophobia and its associations with eating behavior and food choises. Food Quality and Preference, 2013;30(2):293-8.

  9. SSB. Antall barn i barnehage. SSB;2020.

  10. Kost- og ernæringsforbundet & Forbrukerrådet. Barnehagemat: næring til liv, lek og læring. Oslo: Kost- og ernæringsforbundet & Forbrukerrådet;2018.

  11. Helsedirektoratet. Nasjonal retningslinje for mat og måltider i barnehagen. Oslo:Helsedirektoratet;2018.

  12. Cooke L. The importance of exposure for healty eating in childhood: A review. J Hun Nutr. 2007;20(4):294-301.

  13. DeCosta,P, Møller,P, Frost MB, Olsen,AM. Changing children`s etating behavior - A review og experimental research. Appetite, 2017;113:327-357.

  14. Melbye EL. Hva styrer den enkeltes matvalg? I: Engeset D, Torheim LE, Øverby N. (Red.). Samfunnsernæring. Oslo: Universitetsforlaget;2019. 153-161.

  15. Paroche MM, Caton SJ, Vereijken CM, Weenen H, & Houston - Price C. How Infants and Young Children Learn About Food: A Sytematic Review. [Rewiev article]. Front Psyhcol, 2017;8:1046

  16. Vennerød FF, Grini ISB, Almli VL, Hersleth M. Barn & Smak - En guide i barns smaksopplevelser og kosthold. Oslo: NOFIMA; 2017.

  17. Rioux C, Picar D, Lafaire J. Food rejection and the development og food categorization in young children. Cognitive Development.2016; 40:163-177.

  18. Sepp H, Höijer K, Wedin K. Barns matvanor ur ett sensoriskt och pedagogiskt perspektiv. Stockholm: Livsmedelsverket;2016.

  19. Leer J, Wistoft K. Taste in food education: A critical review essay. Food and Foodways.2018; 26(4):329-349.

  20. Korsnes B, Sandvik C. Mat og helse. (3.utg). Oslo:Cappelen Damm Akademisk;2020.

  21. Wardle J, Herrera ML, Cook L, Gibson EL. Modifying children`s food preferences: the effect of exposure and rewards on acceptance of an unfamiliar vegetable. EJCN.2003; 57(2):341-8.

  22. Hursti U. Factors influencing children`s food choise. Annals of Medicine,1999;31:26-32.

  23. Skinner JD, Carruth BR, Bounds W, Ziegler PJ. (2002). Children`s food preferences: A longitudinal analysis. Journal of American Diet. 2002;102(11):1638-1647.

  24. Gubbels JS, Kremers SP, Stafleu A, Dagnelie PC. & de Vries NKTC. Child-care environment and dietary intake of 2-and 3-year- old children. Journal og Human Nutriton Diet. 2010;23(1):97-101.

  25. Ward S, Bèlanger M, Donovan D, Bourdreau J, Vatanparast H, Muhajarine N. “Monkey see, monkey do”: Peer` behaviors predict preschoolers` physical activity and dietary intake in childcare centers. Preventive Medicine. 2017;97:33-39.

  26. Lynch MBM. Kindergarten food familiarization. An exploratory study of teachers perspectives on food and nutrition in kindergartens. Appetite.2015;87:46-55.

  27. Caton SJ, Ahern SM, Remy E, Nicklaus S, Blundell P, Hetherington MM. Repetition counts: Repeated exposure increases intake of novel vegetable in UK pre-school children compared to flavor -flavor and flavor -nutritient learning. British Journal of Nutrition.2013;11(109):2089-2097.

  28. Hausner H, Olsen A, Møller P. Mere exposure and flavour-flavour learning increase 2-3 year -old children`s acceptance of novel vegetable. Appetite. 2012;58:1152-1159.

  29. Ahern SM, Caton SJ, Blundell, P, Hetherington MM. The root of the problem: Increasing root vegetables intake in preschool children by repeated exposure and flavor flavor learning. Appetite.2014;80:154-160.

  30. Helland SH. Matmot i barnehagen: En studie av toåringers matneofobi og kosthold og hvordan dette kan endres [Doktorgradsavhandling]. Kristiansand: Universitetet i Agder;2019.

  31. Klette T, Drugeli MB, Aandahl AM. Together and alone a study of interactions between toddlers and childcare providers during mealtime in Norwegian childcare centers. Early Childhood Development Care. 2016;188(3):1-12.

  32. Halkier B, Gjerpe K. Fokusgrupper. Oslo: Gyldendal Akademiske;2010.

  33. Hammersley M, Atkinson P. Feltmetodikk.2. utg. Oslo: Ad Notam Gyldendal;1996.

  34. Kvale S, Brinkmann S. Det kvalitative forskningsintervju. Oslo: Gyldendal Akademisk;2015.

  35. Alvesson M, Sköldberg K. Tolkning och reflektion: Vetenskapsfilosofi och kvalitativ metod. Lund: Studentlitteratur;1994.

  36. Maxwell JA. Understanding and Validity in Qualitative Research. Harvard Educational Review.1993;62(3):279-300.

  37. Thagaard T. Systematikk og innlevelse: en innføring i kvalitative metoder. 5.utg. Oslo: Fagbokforlaget;2018.

  38. Stake RE. Case studies. I: Denzin NK, & Lincoln YS, (Red.). Handbook of qualitative Research, 2. utg. Thousand Oaks,Calif: SAGE;2000.435-454.

  39. Husjord L. Er det behov for kompetanse i ernæring, kosthold og helse i barnehagens helsefremmende og forbyggende arbeid med mat og måltidet? Psykologi i kommunen. 2018;5.

  40. Folkehelseinstituttet. Midtveisevaluering av Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold (2017-2021). Oslo: Folkehelseinstituttet;2020.

  41. Helsedirektoratet. Kompetansebehov innen ernæring hos nøkkelgrupper. Oslo: Helsedirektoratet; 2017. Rapport IS-2592.

  42. Departementene. Handlingsplan for bedre kosthold (2017-2021). Oslo:Regjeringen;2017.

  43. Gubbels JS, Gerards SM, Kremers SP. Use of food practices by childcare staff and the association with dietary intake of children at childcare. Nutritients.2015;7(4):2161-2175.

  44. Kunnskapsdepartementet. Rammeplan for barnehagen. Oslo: Kunnskapsdepartementet;2017.